Balansert rettsvern Lov og rett har som eit grunnleggjande føremål å verne menneske mot det vilkårlege, overgrep og urett. Rettsstaten byggjer på ein enkel, men krevjande idé: Ein skal ikkje dømmast utan lov, ein skal ikkje straffast utan bevis. Samstundes har lova òg eit anna hovudføremål: Ho skal verne dei lovlydige mot dei som bryt lova. Ho skal gje borgarane tryggleik for liv, helse, eigedom, fridom og kunne leve utan frykt. Dersom rettsvernet i praksis blir opplevd som sterkare for den som bryt reglane i samfunnet enn for den som blir ramma av lovbrotet, oppstår eit alvorleg tillitsproblem. Dette er ein av dei vanskelegaste balansane for rettsstaten. Begge partar har rettsvern I teorien har både den lovlydige og den som bryt lova krav på rettsvern. Den som er mistenkt for ei handling, skal ikkje behandlast som skuldig før saka er avgjord. Det gjeld i stor grad òg når handlinga er grov, oppr...